Sergej Nikiforovitsj Vasilenko (30. mars 187211. mars 1956) var ein russisk-sovjetisk komponist og musikkpedagog. Komposisjonane hans synte ein sterk hang mot mystisisme.

Sergej Vasilenko

Fødd30. mars 1872
FødestadMoskva
Død11. mars 1956 (83 år)
DødsstadMoskva
OpphavSovjetunionen, Det russiske imperiet
Aktiv1912–1956, 1956
Sjangeropera
Verka somkomponist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, professor
PrisarStalinprisen, 1. klasse av Fedrelandskrigens orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Arbeidets røde fanes orden, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, People's Artist of the Uzbek SSR

Vasilenko vart fødd i Moskva og studerte opphavleg jus ved Universitetet i Moskva. Deretter endra han retning og studerte ved Konservatoriet i Moskva frå 1896 til 1901 under Sergej Tanejev og Mikhail Ippolitov-Ivanov. Frå 1903 til 1904 var han dirigent i eit privat operahus i byen. I fleire år organiserte og dirigerte han dei historiske konsertane ved den russiske musikkforeininga. Han vart så professor ved Konservatoriet i Moskva, der han hadde mellom anna Aram Khatsjaturjan, Nikolaj Roslavets, Nikolaj Rakov og Aarre Merikanto som studentar.

Som komponist produserte Vasilenko både operaer, koralmusikk og orkestermusikk. Han vart tildelt Ordenen av den raude fana, fekk tittelen «Velfortent kunstarbeidar», og i 1947 fekk han Stalinprisen. Sergej Vasilenko døydde i Moskva i 1956.

Kjelde endre