Masseproduksjon
(Omdirigert frå Serieproduksjon)
Masseproduksjon (eller serieproduksjon) er industriell tilvirking av store mengder standardiserte varer, oftast på en fabrikk og gjerne på samleband. Masseproduksjon vart særleg gjort kjend av Henry Ford tidleg på 1920-talet, med utviklinga av bilen Ford Model T ("T-ford").
Masseproduksjon involverer gjerne bruk av samleband for å transportera produkta gjennom produksjonsprosessen. Langs samlebandet kan det stå arbeidarar, robotar eller andre maskinar Gjennom standardisering og repetisjon vert det sett saman ei stor mengder produkt på etter måten kort tid, og dermed til lågare kostnad enn ved annan type produksjon.