Seriesjakken

Seriesjakken er Norges sjakkforbund sin serie for norske sjakklubbar. Eliteserien er det øvste nivået i seriesjakken, og er den einaste landsomfattande divisjonen.

Regionale seriarEndra

For tida er dei regionale seriane inndelt i Austlandsserien, Vestlandsserien og Midtnoregserien. I tillegg vert det arrangert eit eige nordnorsk meisterskap for lag i dei tre nordlegaste fylka. Vinnarane av desse seriane spelar påfølgjande kvalifisering for dei to plassane som er ledige i eliteserien.

Ausstlandsserien er delt inn i fire nivå, der 1. divisjon består av ei avdeling, 2. divisjon av to avdelingar og 3. og 4. divisjon består av fire avdelingar kvar.

Vestlandsserien er delt inn i to avdelingar, nord og sør, med to divisjonar i nord og ein divisjon i sør.

Midtnoregserien er delt inn i to avdelingar, Trøndelag og Møre og Romsdal, med ein divisjon i Møreserien, og tre divisjonar i Trøndelag.

BakgrunnsstoffEndra