Serine

kvinnenamn
(Omdirigert frå Serina)

Serina eller Serine er nordiske kvinnenamn danna som ei kortform av Severine/Severina.[1] Dette igjen er ei kvinneleg form av latinske Severinus, som tyder 'streng'.

Serina Liu

Serina kan også vera ein annan skrivemåte for Serena, som er avleidd frå latin serenus, 'roleg, opphøgd'.[2]

I Noreg i 2019 var det 385 kvinner som heitte Serine, og 259 kvinner som hadde Serina som sitt første fornamn.[3]

I kulturen

endre

Namnet er kjend frå ein type småkake, serinakake.

Det er nemnd i romantittelen Serinas hus (1955) av Magnhild Haalke.

Kjende namneberarar

endre
  • Serine Regine Normann (1867–1939), norsk forfattar
  • Serina Liu (opphavleg Liu Chen (劉真, Liú Zhēn), f. 1975), taiwansk skodespelar
  • Serina (1985) (芹那, f. 1985), japansk underhaldar også kjend som Serinko (せりんこ) og Celina (セリーナ Serīna)
  • Serine Jonassen (f. 1991), norsk lokalpolitikar

Kjelder

endre
  1. «Serina - Nordic Names Wiki - Name Origin, Meaning and Statistics», www.nordicnames.de, henta 4. desember 2019 
  2. «Serina Name Meaning & Origin», Baby Name Wizard (på engelsk), henta 4. desember 2019 
  3. «Navn, 2018», ssb.no (på norsk), 23. januar 2019, henta 4. desember 2019 

Bakgrunnsstoff

endre