Severouralsk
Severouralsk (russisk Североура́льск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Vagran, ei sideelv til Sosva, rundt 400 km nord for Jekaterinburg.
Severouralsk Североуральск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Sverdlovsk oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1758 1944 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2005) |
33 500 | ||||
Koordinatar | 60°09′00″N 59°56′00″E / 60.15000°N 59.93333°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | +7 34380 |
Severouralsk vart grunnlagd i 1758 i samband med bygginga av eit støypejerns- og kopar-smelteverk. I 1931 vart det oppdaga ein stor førekomst av bauxitt i området, og etter kvart andre førekomstar. Severouralsk fekk bystatus i 1944, etter at han var vorte slått saman med fleire omkringliggande busetnadar.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Severouralsk» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2009.