Sex Power av Vangelis

Sex Power
Filmmusikkalbum av Vangelis
Utgjeve 1970
Innspelt Slutten av 1969
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk musikk, vise, lydspor
Lengd 34:23
Selskap Philips Records
Vangelis-kronologi 
Sex Power Fais que ton rêve soit plus long que la nuit
(1972)


Sex Power er eit filmmusikkalbum av den greske musikaren Vangelis for filmen med same namn i 1970, med Jane Birkin i hovudrolla. Dette var det første albumet han gav ut som soloartist. Vangelis byrja å spele inn musikk for filmen seint i 1969.

Musikken på albumet består av somme melodiar, rare lydeffektar, omstendeleg perkusjon, korsong med eit snev av Middelhavet.[1]

Songane har ikkje nokre titlar på albumet, men spor 2 og 5 på side 1 vart gjeven ut på singel med tittelen «Djemilla»/«Third Love». Demis Rossous syng tekstlaus vokal på «Third Love».

Albumet er sjeldant og vanskeleg å få tak i og har aldri offisielt blitt gjeve ut på CD. Det har derfor relativt høg pris på marknaden.[1] Årsaka til at albumet ikkje er kome ut på ny kan vere at musikken vart laga til ein erotisk film, og at Vangelis er brydd av dette.[1]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Part I»0:29
2.«Djemilla»3:11
3.«Part III»2:50
4.«Part IV»3:10
5.«Third Love»3:14
6.«Part VI»3:23
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Part VII»2:06
2.«Part VIII»8:11
3.«Part IX»3:17
4.«Part X»2:23
5.«Part XI»1:32

Kjelder endre