Shannon Miller
Shannon Lee Miller (fødd 10. mars 1977) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar. Ho vart verdsmeister i mangekamp i 1993 og 1994. Under Sommar-OL 1996 vart ho olympisk meister på bom, fekk også OL-gull i lagtevlinga.
Shannon Miller | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. mars 1977 (47 år) Rolla |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1992 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1992 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1992 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1992 Summer Olympics – women's uneven bars |
Utmerkingar | Oklahoma Sports Hall of Fame |
Karriere
endreMiller deltok i Turn-VM 1991, der ho var med å vinne sølv i skranke og i lagtevlinga. Frå dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona reiste ho heim med fem medaljar. Ho vann sølv i mangekampen og bom, medan det vart bronse i frittståande, skranke og i lagtevlinga. Under verdsmeisterskapen 1993 i Birmingham sigra ho både i mangekamp, frittståande og skranke. Året etter forsvarte ho i Brisbane VM-tittelen i mangekamp. Ved Sommar-OL 1996 i Atlanta stod ho i spiss for USA sitt mannskap som for fyrste gong vann OL-gull i lagtevling. Individuelt gjekk ho til topps i bom-finalen framom Lilija Podkopajeva. I mangekampen enda ho på åttandeplassen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shannon Miller» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2023.