Sharam Alghasi (fødd 23. august 1966) er ein norsk-iransk sosiolog og doktorgradsstipendiat ved CULCOM – Kulturell kompleksitet i det nye Norge, eit forskingsprogram ved Universitetet i Oslo. Han har hovudfag (og dermed graden cand.polit) i sosiologi frå 1999 på same universitet, med hovudoppgåve om korleis norske debattprogram på fjernsyn i perioden 1987–1997 handsamar emna «innvandring» og «innvandrarar». Alghasi har tidlegare vore fyrstekonsulent i Utlendingsdirektoratet (UDI) og prosjektleiar for MiFA (Minoriteter i Fokus i Akademia) ved UiO.

Sharam Alghasi
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1966 (58 år)
Yrke sosiolog

Han var medredaktør for boka Mellom to kulturer (2006) og Paradoxes of Cultural Recognition (2009). I tillegg har han vore med på å arrangere fleire seminar om tema som innvandrarar og identitet. Som doktorgradsstipendiat ved CULCOM studerer han norsk-iranarane sine medievanar og korleis tilhøvet mellom dei og media påverkar identiteten og rolla deira i det norske samfunnet.[1]

Bibliografi endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Hvem er hvem?, s. 19