Shatila
Shatila er ein flyktningleir for palestinarar som vart oppretta i Beirut i Libanon i 1949, på land skjenka av Shatila-familien. Han var saman med «systerleiren» Sabra svært folkerik på 1980-talet, fram til massakrane der i 1982. Omkring 2005 hadde UNRWA registrert omkring 7 000 flyktningar der. Men i Beirut og området rundt var det i tillegg registrert 83 000 palestinske flyktningar utanfor leirane.