Shehri, òg kjend som jibbali (eller «fjellspråk»), er eit av dei sørarabiske språka som vert tala av ein minoritet av den innfødte folkesetnaden i fjellområda og ørkenområda i Dhofar-området i Oman.

Det er berekna at rundt 25 000 menneske i ei folketeljing i 1993 snakka språket, og det er best kjent som språket til opprørarane i Dhofar i løpet av Dhofaropprøret langs grensa i landet med marxistiske Sør-Jemen1970-talet.

Alternative namn eller skrivemåtar for språket er geblet, sheret, sehri, shahari, jibali, jibbali, ehkili og qarawi.

Som dei fleste talarar av moderne sørarabiske dialektar i Oman og Jemen er mange shehritalarar tospråklege, slik at dei også snakkar lokale dialektar av arabisk, særlege dialekten dhofari. I tillegg er det hovudsakleg eit munnleg språk, og dei som har det som morsmål, brukar det ikkje som skriftspråk. 

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra