Alhaji Shehu Usman Aliyu Shagari (25. februar 192528. desember 2018) var ein nigeriansk politikar. Han var president i Nigeria frå 1. oktober 1979 til 31. desember 1983.

Shehu Shagari

Fødd25. februar 1925
Shagari
Død28. desember 2018 (93 år)
Statsborgar avNigeria
Yrkepolitikar
Utdanna vedBarewa College
BarnMuhammad Bala Shagari
Alle verv
  • Nigerias president (1979–1983)
  • finansminister i Nigeria (1971–1975) Sjå dette på Wikidata

Shagari vart fødd i delstaten Sokoto i det nordlege Nigeria, der han arbeidde som lærar. Han engasjerte seg i politikk, frå 1954 til 1958 var han medlem av nasjonalforsamlinga/repesentanthuset. 1958/59 arbeidde han som parlaments-sekretær for statsministeren, Tafawa Balewa. Utover i 1960- og -70-åra styrte Shagari fleire ulike departement i den nigerianske statsadministrasjonen.

Shehu Shagari under eit statsbesøki USA i 1980

Gjennom 1977–78 var Shagari med i forsamlinga som utarbeidde ei ny grunnlov for landet. Han var med å grunnleggje Nasjonalistpartiet (National Party of Nigeria). Ved presidentvalet i 1979 vart han vald til president i den såkalla II. republikk, og vart attvald i august 1983. Den 31. desember 1983 vart han styrta i eit nær «blodlaust» militærkupp leia av general Muhammadu Buhari. Shagari sat så i husarrest til 1986, og hadde sidan liten innverknad i nigeriansk politikk.

Kjelder

endre