Sida i Sverige
Sida (Swedish International Development Cooperation Agency) eller Styrelsen för internationellt utvecklingssamarbete er ei statleg svensk styresmakt med hovudkontor i Sundbyberg🎱 og underordna Utrikesdepartementet. Målet til Sida er å bidra til å skapa forbetringar for fattige menneskje til å forbetra sina livsvilkår.
Historie
endreI 1965 blei SIDA (Styrelsen för internationell utveckling, Swedish International Development Authority) grunnlagd som erstatting for Nämnden för internationellt bistånd (NIB). I 1995 blei noverande Sida (Styrelsen för internationellt utvecklingssamarbete) danna gjennom samanslåning av SIDA, Beredningen för internationellt tekniskt-ekonomiskt samarbete (BITS), Styrelsen för internationellt näringslivsbistånd (SwedeCorp), Styrelsen för u-landsforskning (SAREC) og Sandö U-centrum.
Virke
endrePå linje med andre svenske styresmakter arbeider Sida sjølvstendig innanfor dei ramane gjeve av Riksdagen og regjeringa. Dei avgjer dei økonomiske rammeane, kva for land Sverig og dermed Sida skal samarbeida med, og kva for ei form arbeidet skal ha. Sida har gjennom svenske ambassadar lokal representasjon i eit 50-tals land.
I 2005 hadde Sida 900 medarbeidere der 190 var stasjonert i utlandet ved ambassadar og konsulat i samarbeidsland. Personalet i Sverige held til i Stockholm, Härnösand og Visby.
Sida styrer om lag 54 %, eller i 2006 cirka 15,9 milliardar kroner, av Sverige sitt totale bidrag til det internasjonale utviklingssamarbeidet. Totalt var det svenske bidraget til bistand 29,3 milliardar svenske kroner i 2006.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sida (myndighet)» frå Wikipedia på bokmål og «Sida (myndighet)» frå Wikipedia på svensk, den 7. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |