Sigdfold

Sigdfolda eller falx cerebri (latin for «sigd i storhjernen») er ein sigdforma, slitesterk og bøygd fald i senehinna som går vertikalt nedover fissura longitudinalis cerebri mellom hjernehalvdelane.[1]

Senehinna og apofysar er vist. Delar av høgre hovudskalle og hjerne er fjerna.

Framparten er snever og er festa til beinkammen i silbeinet. Bakparten er vid og er festa til den øvre overflata av tentorium cerebelli. Den øvre grensa er konveks og er festa midtveges til den indre kranieoverflata. Den strekker seg bak til protuberantia occipitalis interna, og inneheld sinus sagittalis superior. Den nedre grensa er fri og konkav, og inneheld sinus sagittalis inferior.

Sigdfolda er kjend for å kalsifisere med alderen.

Sjå ògEndra

Fleire bileteEndra

KjelderEndra

  1. Jansen, Jan (13. februar 2009). «sigdfolden». Store Medisinske Leksikon. Henta 2. januar 2015.