Sigrun Høgetveit Berg

Sigrun Høgetveit Berg (fødd 2. november 1972) er ein norsk historikar som er professor i eldre historie på Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.[1]

Sigrun Høgetveit Berg
Fødd2. november 1972
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar

Berg er oppvaksen i Ål i Hallingdal. Ho Berg tok doktorgrad i historie i 2014 på avhandlinga Trondenes kannikgjeld – makt og rikdom gjennom seinmellomalder og reformasjon.[2] Ho arbeider med kyrkjehistorie i seinmellomalder og tidleg nytid, og eldre nordnorsk historie. Berg er leiar for den tverrfaglege forskingsgruppa «Creating the New North».[3]

Sigrun Høgetveit Berg har skrive boka Reformasjonen (2017) og har redigert fleire publikasjonar knytte til prosjektet «The Protracted Reformation in Northern Norway (2014–2017)».[4]

Bibliografi (utval) endre

  • Reformasjonen (2017)
  • "It's all about inheritance" – on gender, Sámi, Bourdieu and other important categories in Lars Ivar Hansen's research (2017)
  • The Protracted Reformation in Northern Norway. Vol. 2: Towards a Protestant North (2016)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre