Sigvard Mathias Engeset (2. oktober 188525. desember 1974) var ein norsk forkynnar, pastor og salmediktar. Han var son til ein gardbrukar i Ørsta og vart forstandar og pastor i frikyrkja i heimbygda, Ørsta Frikyrkje. Seinare vart han kalla til Oslo Vestre Frikirke. Engeset blei etter kvart vald til synodeformann, øvste leiar for Den evangelisk-lutherske frikyrkja i Noreg.

Sigvard Engeset

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. oktober 1885
Ørsta
Død

25. desember 1974 (89 år)
Oslo

Yrke prest, salmediktar, komponist

Eit utdrag av salmediktinga hans er:

  • «Slik som eg var» (1916)
  • «Drikk av gledens kilde»
  • «Bli i meg, har Jesus sagt»
  • «Guds son er komen til oss ned»
  • «Med min vesle båt»
  • «Ut å fiske»
  • «Regn med din frelser så regner du rett»
  • «Å, hvor skjønt det i himlen er»
  • «Ser deg svart og urein»
  • «Eg vil så gjerne syngja»
  • «Frelst eg er gjennom lammets blod»
  • «Visargutten»
  • «Guds son er komen til oss ned (jul)»
  • «Ikke alle dager er like»
  • «Jesus har satt meg inn i barnekåret sitt»

Engeset si dikting har vore omtala og framført fleire gongar, mellom anna med arrangement av Sigvald Tveit og Nils Harald Sødal, Sigvart Engeset i ord og toner (2005).

Sigvart Engeset var morfar til komponisten Erik Hillestad.