Silbury Hill er ein kunstig kalksteinshaug nær Avebury i det engelske grevskapet Wiltshire. Det er ein del av verdsarvstaden Stonehenge, Avebury and Associated Sites.

Stonehenge, Avebury and Associated Sites
SilburyHill gobeirne.jpg
LandStorbritannia
Flag of UNESCO.svgInnskriven ved UNESCOs 10. sesjon i 1986.
Referansenr. 373.
Kriterium:I, II, III
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffStonehenge, Avebury and Associated Sites ved unesco.org

Silbury Hill er ein del av komplekset av steinaldermonument rundt Avebury, som inkluderer Avebury steinsirkel og West Kennett Long Barrow, og er med sine 37 meter den høgaste førhistoriske menneskelagde haugen i Europa og dessutan ein av dei største i verda. Storleiken kan samanliknast med nokre av dei minste egyptiske pyramidane i pyramidekomplekset ved Giza. Silbury Hills opphavlege formål er framleis særs omdiskutert. Fleire andre viktige neolittiske monument i Wiltshire, inkludert Marden og Stonehenge, kan vere kulturelt eller funksjonelt relatert til Avebury og Silbury Hill.

PlasseringEndra

Silbury Hill ligg heilt inntil vegen A4 omtrent midt mellom byane Marlborough og Calne i fylket Wiltshire i England.

KjelderEndra

Koordinatar: 51°24′56″N 1°51′27″W