No kjem silda og går mot land,
kvalen han deiser i himmelrand,
nisa ho valtrar, og storseien véd,
terna ho kved.,

Anders Hovden: «No er det eit liv og eit tidsfordriv»

Sildesyn er merke i naturen som syner at det er sild i sjøen.

Det er særleg større skapningar, som har sild som byttedyr, som oppfører seg som om dei jaktar på sild. Det kan til dømes vere sjøpattedyr, som kvalar, fuglar, som måsefuglar, eller annan fisk, som stor sei. Dette fortel fiskaren at det kan vere von om fangst.

Sildesyn kan det òg kallast om ein ser sildestimen nede i vatnet.[1]

Fotnotar endre

  1. «Siste sildekastet på Nordre vågen». Botnane og Årebrot grendalag. 

Kjelder endre