Fekk igjen på skatti,
no he ho silikon i tatti.
Før da var dei små,
men no er dei store og rå»
(Arthur Johan Bjørdal)

«Silikon i tatti» er ein humoristisk låt gitt ut av bandet Vassendgutane frå Ørsta på Sunnmøre. Songen vart lansert våren 2008 på albumet XO som i juli same året hadde selt til dobbel platina [1]. Songen handlar om sunnmørskvinner som etter å ha fått pengar tilbake på skatten reiser til Oslo for å operere silikonimplantat i brysta. «Tatti» er eit sunnmørsk uttrykk for «puppar».[2]

Forfattar er Arthur Johan Bjørdal.

Sjå også

endre

Kjelder

endre
  1. VG.no: 60 000 har kjøpt «Silikon i tatti»
  2. Sigrid Hvidsten (4. april 2008). ««Fikk igjen på skatti, no he ho silikon i tatti»». Dagbladet. Henta 29. oktober 2018. «Tatti er det vi kaller pupper i Ørsta, du må passe på å skrive det riktig. Men tekstene er ikke grove, vi bruker ikke stygge ord og det er ikke noe sex i dem, mener Aam.» 

Bakgrunnsstoff

endre