Silvia Neid

tysk fotballspelar

Silvia Neid (fødd 2. mai 1964) er ein tysk tidlegare fotballspelar og trenar. Ho er ein av dei mest suksessfulle spelarane i tysk kvinnefotball, etter å ha vunne sju nasjonale ligatitlar og seks DFB-Pokal-trofear. I 2005 til 2016 var Neid landslagstrenar for det tyske kvinnelandslaget. I 2010, 2013 og 2016 blei ho kåra til årets trenar av FIFA.

Silvia Neid
Silvia Neid i 2015.
Personleg informasjon
Fødd 2. mai 1964
Fødestad Walldürn
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980–1983 Klinge Seckach
1983–1985 SSG Bergisch Gladbach
1985–1996 TSV Siegen
Landslag
1982–1996 Tyskland 111 (48)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. august 2023
‡ Landslagsmål oppdatert 12. august 2023

Karriere

endre

Neid debuterte på det tyske landslaget 10. november 1982 mot Sveits. Det var også den aller fyste internasjonale kampen Tyskland spela. I løpet av kampen scora Neid to mål, og Tyskland vann til slutt 5–1.[1] Fram til 25. juli 1996 spela ho 111 landskampar og scora 48 mål. I 79 av kampane var Neid kaptein for det tyske landslaget. Neid spela sin siste landskamp mot Brasil i Sommar-OL i 1996 i Atlanta.[2]

Med klubbane SSG 09 Bergisch Gladbach og TSV Siegen vann Neid sju tyske ligatitlar og seks DFB-Pokal-trofear. Neid var med på det tyske landslaget som blei europameistrar i 1989, 1991 og 1995, og som tok sølv i fotball-VM i 1995.

Som trenar var Neid trenar for det tyske juniorlandslaget, men ho fungerte samstundes som assistenttrenar for kvinnelandslaget. I 2005 tok Neid over som trenar for det tyske kvinnelandslaget. Hennar største merittar som landslagstrenar er gull i VM i 2007, gull i EM i 2009, gull i Sommar-OL i 2016 og bronse i Sommar-OL i 2008.

I 2007 blei Neid tildelt Bundesverdienstkreuz.[3]

Kjelder

endre
  1. «Silvia Neid, die erfolgreichste deutsche Fußballerin» (på tysk). biografien-news.blog.de. 22. august 2006. Arkivert frå originalen 14. september 2009. Henta 30. juli 2009. 
  2. «Statistics». DFB. Henta 30. juli 2009. 
  3. Köhler zeichnet Fussball-Weltmeisterinnen aus, Focus, (på tysk) 5. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne fotballartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.