Simhàt Torá
(Omdirigert frå Simḥàt Torá)
Simḥàt Torá (hebr. שמחת תורה, 'toráfest') er ei jødisk høgtid som markerer den endelege slutten på sukkót og slutten på éin Torá-syklus. Denne dagen les ein den siste bolken av Femte mosebok og deretter byrjinga av den første.
Høgtida blir feira samstundes som Sjeminí ‘aṣéret, den 22. tisjré, i Israel og nokre reformjødiske forsamlingar. Elles blir ho feira dagen etter, den 23. tisjré.