Opna hovudmenyen

Simultansjakk er det når ein sjakkspelar spelar mot mange.

Dette kan gjerast på fleire vis. Vanlegvis sit motstandarane til simultangjevaren på rekke og rad, med kvart sitt sjakkbrett, og så går simultangjevararen frå brett til brett. Når simultangjevaren kjem til ein spelar, må spelaren straks gjere sitt trekk. Simultangjevaren kan i prinsippet tenke så lenge han eller ho vil, men for å rekke å spele mot alle motstandarane seier det seg sjølv at simultangjevaren stort sett må både tenke og trekke raskt - og godt. Motstandarane får trass alt høve til å tenke til simultangjevaren har gått runda, og kjem tilbake. Ei vanleg simultanoppvisning kan vere frå 10-30 spelarar.

Den ungarsk-amerikanske sjakkstormeisteren Susan Polgar har rekorden i simultansjakk.

Simultansjakk kan også spelast som blindsjakk. Det vil seie at simultangjevaren spelar mot fleire spelarar utan å sjå brett eller brikker. Dette set naturlegvis store krav både til simultangjevararen sitt minne, og evne til å berekne sjakktrekka i hovudet.

Fleire spelarar har spelt blindsjakk mot meir enn 50 motstandarar samtidig.