Opna hovudmenyen
Siniolchu på eit foto frå 1920

Siniolchu er eit 6 888 meter over havet høgt fjell i Himalaya, i delstaten Sikkim i India. Fjelltoppen er den austlegaste hjørnesteinen i Kantjendjunga-massivet og vert halde for å vere ein av dei vakraste fjelltoppane på jordkloten. Den britiske forfattaren og fjellklatraren Douglas Freshfield omtala Siniolchu som «den ypparste triumf i fjellarkitekturen og det vakraste snøfjellet i verda».

Då ein tysk ekspedisjon utforska Sikkim i året 1936, kleiv Karl Wien og Adolf Göttner til topps på Siniolchu som dei fyrste menneska.

KjelderEndra