Sjtsjedryk
«Sjtsjedryk» (ukrainsk Щедрик) er ein ukrainsk song skriven i 1916 av Mykola Leontovytsj (1877–1921) med utgangspunkt i to ulike folketonar. Songen er ein sjtsjedrivka, ein nyttårssong som etter gammal ukrainsk tradisjon uttrykker ønske om lukke for nyåret. Han danna utgangspunkt for den engelske julesongen «Carol of the Bells».
Songen er knytt til den ukrainske nyttårsfeiringa (13. januar etter den gregorianske kalenderen), då ungjenter ofte vitja hus med liknande songar for å ønskja lukke med det nye året. Han blei tinga av ein korleiar til ein julekonsert, og sett saman av Leontovytsj av to ulike melodiar og den tradisjonelle lukkeønskande teksten. Songen blei først framført i Kiev i desember 1916. Han blir framleis framført i slaviske land, medan ein i engelskspråklege helst kjenner songen som «Carol of the Bells» eller «Ukrainian Carol».
Tekst
endreUkrainsk tekst til «Sjtsjedryk» | Transliterert (etter BGN/PCGN) | Engelsk omsetjing |
---|---|---|
Щедрик щедрик, щедрiвочка,
|
Shchedryk shchedryk, shchedrivochka,
|
Shchedryk, shchedryk, a shchedrivka [New Year's carol];
|
Kjelder
endre- 'Carol of the Bells' wasn't originally a Christmas song, scienceblog.com, December 2004
- Denne artikkelen bygger på «Shchedryk (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Stsjedryk framført av Charivna