Den sjuande himmelen er ei førestilling som stammar frå den greske antikken, moglegvis frå Aristoteles. Ideen er at den himmelen ein ser består at sju gjennomsiktige lag eller sfærar. Månen, sola og planetane Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn er plassert i kvar sin sfære. Den sjuande himmelen er rekna som tilhald for gudane. Utanfor Saturn endar den verkelege verda, og draumane, ønska og fantasien tek over.

Persisk framstilling av sju himlar i muslimsk førestilling.

Førestillinga om dei sju himlar (sjuande himmel) har òg fått innpass i den jødiske Talmud (Hagiga, II 1,12b).

I daglegtalen tyder uttrykket «i den sjuande himmel», å vere i ei heilt usedvanleg oppløfta og glad stemning, eller å ha kome til ein fantastisk stad.

Kjelder endre