Skålvikfjorden er ein fjordarm av Vinjefjorden i Halsa i Heim kommuneNordmøre. Skålvikfjorden strekkjer 9,5 km sørover til Betna. Den same geologiske renna fortset nordom Vinjefjorden i Solåsundet i Aure kommune.

Skålvikfjorden sett frå Tussan.

Fjorden har innløp ved Korsneset i vest og Steinstien i aust. Den ytre delen av fjorden er berre om lag 400-500 meter brei, før han vidar seg ut ved grenda Vågland, som ligg på austsida. Innanfor Vågland ligg bygda Liabøen

Betna ligg inst i Betnvågen på vestsida av fjordbotnen. Reitvågen ligg på andre sida, like aust for bygda Halsa.