Skúvoy

Skúvoy (på dansk Skuø) er ei av øyane i Færøyane. Skuvoy har ei flatevidd på om lag 12 km². Bygda av same namn har om lag 80 innbyggjarar. Der finst ein liten skule, ein handelsmann og ei kyrkje. Skúvoy har også ein helikopterlandingsplass.[1]

Skúvoy
øy
Skuvoy, Faroe Islands.jpg
Land Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane
Del av Færøyane

Skúvoy
61°46′0″ N 6°49′0″ W
Map-position-skuvoyar-kommuna-2005.png
Wikimedia Commons: Skúvoy

Ifølgje Færøyingesoga budde Sigmund Brestisson på Skúvoy. Han innførte kristendommen til Færøyane på oppdrag frå Olav Tryggvason, og skal ha bygd den fyrste kyrkja her i år 999.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Pihl, Roger (8. november 2021). «Skúvoy». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.