Skaalurens Skibsbyggeri

norsk skipsverft

Skaalurens Skibsbyggeri var eit allsidig skipsbyggeri i Rosendal i Kvinnherad som vart skipa i 1855. Gjennom fire generasjonar vart det drive bygging av trebåtar, fram til 1955 då ein starta å byggje skip med stålskrog her. Verftet vart lagt ned på byrjinga av 1980-talet. Av skip som vart bygd hjå Skaaluren finn ein dampskipet «Colibri» (1888), skonnerten «Ideal» (1903), skuleskipet «Brand IV» (1938), forskingsskipet «Fridtjof Nansen» (1955) og mineleggjaren «Vale» (1977).

Skaalurens Skibsbyggeri 1872 eller 76. Foto: Knud Knudsen
Verftet i 1901. Skipet «Expedit» under bygging.

Skaalurensamlinga er i dag eit museum der ein kan sjå korleis dei gamle skutene vart laga og verktøyet som vart nytta.

Historie endre

Verftet vart starta av Tørris Knudsen Nes (seinare Tørris Skaaluren), som bygde den første jekta si i låven. Han festa grunn i Skålafjæro og sakte vaks skutebygginga hans i låven til eit lite skipsverft. Han levde frå 1822 til 1907. Etter han overtok Knut Skaaluren (1849-1911), Tørris Skaaluren (1885-1955) og Knut Skaaluren (1916-1996). Den fyrste båten som verftet har registrert byggjenummer på, var ei treskøyte i 1865, namnet er ikkje kjent. I 1980 var verftet i gang med byggjenummer 233, ein kjemikalietankar.

Bakgrunnsstoff endre

Wenche Skaaluren, kona til Knut, har skrive tre bøker om verftet og livet rundt:

  • «Verven og vi - Skaalurens Skibsbyggeri A/S 1855-1980», 1980
  • «Minneboka mi», 2007
  • «Ei soge om treskipsbygging i åra 1855-1955», 2009