Skafså stavkyrkje
Skafså stavkyrkje stod på same tufta som dagens Skafså kyrkje. Ho vart riven i 1830-åra, og dagens kyrkje vart innvigd i 1839.
Det er smått med omtale av kyrkja i mellomalderen, men Skafså-folket fekk som bøndene i nabosoknet Mo ikkje indulgents av Biskop Eystein i hans hyrdebrev.[1] Jens Nilssøn nemnar kyrkja i sin visitasrapport frå 1595,[2] og i ein synfaringsrapport frå 1668 er kyrkja skildra som lik Mo-kyrkja, med svaler og mange skruv. Lorentz Dietrichson spør seg om ho som Mo-kyrkja hadde heva kor. I ei jubileumsbok frå 1939 heiter det: «Kyrkja var bygd umkring ei mast.»[3] Tyder det at ho var ei midtmastkyrkje? Utover dette synast lite kjent om utsjånaden.
Gjenstandar frå stavkyrkja
endreEin kristusfigur frå eit krusifiks vart i si tid overført frå gamlekyrkja til nykyrkja og fekk ny kross i 1928, samstundes som krusifikset vart montert på ein korbjelke. Bjelken vart fjerna ved ei vøling fram mot 1959, og krusifikset vart plassert i altartavla. Det vart fjerna for konservering i 1990 og er frå 2001 i Vest-Telemark Museum.
Eit renessansealtarbord frå stavkyrkja vart teke i bruk i dagens kyrkje i 1959 etter å ha vore i privat eige, og i dagens kyrkje er òg ein Frederik II-bibel frå 1589. Enkelte materialar frå stavkyrkja er brukt opp att i dagens kyrkje. Til dømes er rosemåla bord oppdaga i golvet.[4]
Kjelder
endre- Lorentz Dietrichson (1892). «Skafsaa kirke». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 503–504.
- Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989 Eit jubileumsskrift. Mo og Skafså sokneråd. 1989.
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 117
- Herman Henriksveen, red. (1986). «Skafså Kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 175. ISBN 82-90695-00-4.
- Denne artikkelen bygger på «Skafså stavkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2020.
Fotnotar
endre- ↑ Diplomatarium Norvegicum IX:186
- ↑ Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 383.
- ↑ Olav Gravir (1939). Kyrkje og folk i Mo i 100 år 1839–1939. s. 32.
- ↑ Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989, s. 13.
Bakgrunnsstoff
endre- Skafså stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Randi Gjertsen (2002). Den korsfestede Kristus fra Skafså kirke, Tokke kommune i Telemark. Undersøkelser og konservering. Norsk institutt for kulturminneforskning.