66°4′22.080″N 12°22′51.258″E / 66.07280000°N 12.38090500°E / 66.07280000; 12.38090500

Dønnmannen med Skagafjorden i føregrunnen.

Skagafjorden er ein fjordDønna i Nordland. Fjorden strekkjer seg 7,5 km nordaustover til grenda Hølen i botn av fjorden.

Fjorden startar mellom Staulen i sør og Grytøya i nord og er ei fortsetjing av Sildøyfjorden som ligg lenger sørvest. Fjorden ligg på sørsida av Skagalandet, der ein finn grenda Skaga, som fjorden er kalla opp etter. Grenda Sandstrak ligg på sørsida av fjorden. Inst i fjorden deler han seg i to smale og djupe vågar. Øyvågen er den nordlegaste og Hølvågen ligg på sørsida.

Fjellet Dønnmannen på 858 meter over havet ligg på sørsida av fjorden.

Fv183 går langs sørsida av fjorden.