Skeise-VM 1977 for kvinner
Verdsmeisterskapen på skeiser 1977 for kvinner fann stad i Keystone i delstaten Colorado i USA 12. og 13. februar 1977. 23 utøvarar frå 9 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.
Vera Bryndzej frå Sovjetunionen vart verdsmeister framom to landskvinner. Ho var snøggaste utøvaren både på 500 meter og 1000 meter, medan landskvinna Galina Stepanskaja stod for bestetidene på 1500 m og den avsluttande 3 000-meteren.
Skeise-VM 1977
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Vera Bryndzej | Sovjetunionen | 177,085 | |
Galina Stepanskaja | Sovjetunionen | 178,297 | |
Galina Nikitina | Sovjetunionen | 178,624 | |
4 | Beth Heiden | USA | 179,107 |
5 | Haitske Pijlman | Nederland | 181,057 |
6 | Lisbeth Korsmo | Noreg | 181,147 |
7 | Kim Kostron | USA | 182,190 |
8 | Annie Borckink | Nederland | 182,229 |
Dato: 12./13. februar 1977