Skeise-VM 1979 for menn
Verdsmeisterskapen på skeiser 1979 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 11. og 12. februar. 33 utøvarar frå 17 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.
Eric Heiden frå USA forsvarte verdsmeistertittelen på suverent vis. Han var i ei heilt eiga klasse på alle fire distansane og sigra med nærare 5 tidspoeng til andremann, norske Jan Egil Storholt. Sistnemnde sin landsmann, Kay Stenshjemmet, enda på tredjeplass.
Skeise-VM 1979 endre
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Eric Heiden | ![]() |
162,973 |
![]() |
Jan Egil Storholt | ![]() |
167,805 |
![]() |
Kay Stenshjemmet | ![]() |
167,903 |
4 | Mike Woods | ![]() |
168,497 |
5 | Viktor Ljoskin | ![]() |
168,660 |
6 | Masahiko Yamamoto | ![]() |
168,870 |
7 | Masayuki Kawahara | ![]() |
169,036 |
8 | Amund Sjøbrend | ![]() |
169,223 |
Dato: 11./12. februar 1979
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround mannen 1979» frå Wikipedia på nederlandsk, den 18. november 2020.