Skeise-VM 1981 for menn
Verdsmeisterskapen på skeiser 1981 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 14. og 15. februar. 36 utøvarar frå 17 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.
Norske Amund Sjøbrend vart verdsmeister, landsmennene Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt kom på dei neste pallplassane. Sjøbrend var bestemann på 1500 meter, Stenshjemmet på 500 m. Piet Kleine frå Nederland fekk bestetid på 5000-meteren, medan Sergej Beresin frå Sovjetunionen vann milløpet.
Skeise-VM 1981
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Amund Sjøbrend | Noreg | 167,781 | |
Kay Stenshjemmet | Noreg | 167,887 | |
Jan Egil Storholt | Noreg | 168,374 | |
4 | Dmitrij Botsjkarov | Sovjetunionen | 168,770 |
5 | Andreas Ehrig | Aust-Tyskland | 169,087 |
6 | Tomas Gustafson | Sverige | 169,106 |
7 | Øyvind Tveter | Noreg | 169,511 |
8 | Frits Schalij | Nederland | 169,677 |
Dato: 14./15. februar 1981
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround mannen 1981» frå Wikipedia på nederlandsk, den 24. november 2020.