Skeise-VM 1989 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1989 for kvinner vart avvikla i Lake Placid i USA helga 4. og 5. februar 1989. 29 utøvarar frå 13 land deltok i stemnet, frå Noreg einast Minna Nystedt. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Constanze Moser-Scandolo frå Aust-Tyskland og vart verdsmeister framom landskvinna Gunda Kleemann. Moser-Scandolo fekk bestetid på 3 000 m og Kleemann på 5 000 m, medan japanske Seiko Hashimoto gjekk snøggaste 500-meteren og Jelena Lapuga frå Sovjetunionen sigra på 1500 m.

Resultat endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Constanze Moser-Scandolo  Aust-Tyskland 181,389
Sølv Gunda Kleemann  Aust-Tyskland 182,646
Bronse Yvonne van Gennip  Nederland 183,034
4 Mary Docter  USA 184,099
5 Jacqueline Börner  Aust-Tyskland 184,223
6 Seiko Hashimoto  Japan 184,554
7 Ljudmila Titova  Sovjetunionen 185,471
8 Heike Schalling  Aust-Tyskland 185,674

Dato: 4./5. februar 1989

Kjelder endre