Skeise-VM 1990 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1990 for kvinner vart avvikla på OL-stadion i Calgary i Canada helga 10. og 11. februar 1990. 26 utøvarar frå 13 land deltok i stemnet, av dei einast Heidi Skjeggestad frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Jacqueline Börner frå Aust-Tyskland vart verdsmeister framom japanske Seiko Hashimoto. Hashimoto gjekk snøggaste 500-meteren og Börner fekk bestetid på 3 000 m. Kinesiske Wang Xiuli sigra på 1500 m og austtyske Heike Schalling på 5 000 m.

Resultat endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Jacqueline Börner  Aust-Tyskland 171,364
Sølv Seiko Hashimoto  Japan 172,037
Bronse Constanze Moser-Scandolo  Aust-Tyskland 172,509
4 Herma Meijer  Nederland 173,451
5 Heike Schalling  Aust-Tyskland 173,804
6 Ljudmila Prokasjeva  Sovjetunionen 173,915
7 Elena Belci  Italia 174,253
8 Lia van Schie  Nederland 174,335

Dato: 10./11. februar 1990

Kjelder endre