Ein skiljepinne er ein kloss av tre eller plast som vert bruka til å skilje varene til forskjellige kundar frå kvarandre på transportbandet inn til kassaapparatet i ein sjølvbetjeningsbutikk. Skiljepinnen har ofte teksten «neste kunde» el. likn.

Ein skiljepinne

Andre namn på skiljepinne er skillepinne, kundepinne, varepinne og køpinne.

Skiljepinne er også ei nemning for eit par samanknytte pinnar som skil renningstrådane frå kvarandre i vevstolen.