Skitrekk eller tautrekk er ein mekanisk trekkmaskin, som regel i alpinanlegg, som kan trekka skiløparar opp til toppen av ein bakke. I si mest grunnleggjande form er slike trekk utforma med eit langt kontinuerleg tau eller ein kabel som går rundt eit vendehjul både i toppen og botnen, og som blir drive av ein motor i ein ende. Kabelen har jamt plasserte festemekanismar som passasjerane kan bruka og bli dratt opp medan dei står på skia eller snøbretta sine. Festemekanismane kan til dømes vera handtak, skiver eller krokar til å ha mellom beina eller stenger ein kan halvsitja på.

Fjälliften, eit skitrekk Ljungdalen i Jämtland.
Skitrekk i Hiittenharju i Finland.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre