Skjørbuk er ein mangelsjukdom. Han skuldast mangel på C-vitamin (l-askorbinsyre). Skjørbuk gir blødingar, oppsvulma og blodig tannkjøt, dårleg appetitt, vekttap og kraftløyse.

Sjukdommen utviklar seg etter 4-7 månader med einsidig kost. Tidlegare råka skjørbuk ofte sjøfolk, sidan dei levde på einsidig kost i lengre tid. Før poteta kom var skjørbuk også eit problem på seinvinteren i Noreg.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.