Skjemt og Alvor
bok
Skjemt og Alvor er ei bok som var trykt og utgitt i Trondheim i 1758 av ein anonym forfattar. Boka vart gitt ut Jens Christensen Winding som var den første boktrykkaren i Trondheim. Boka er lita på berre 24 sider. Innhaldet er ulike visdomsord og leveregler på rim.
Det truleg einaste attverande eksemplaret er å finne på Gunnerusbiblioteket ved NTNU. Eksemplaret har tilhørt Gerhard Schøning. Ei faksimileutgåve vart gitt ut i 1982.