Skjettenfjorden
67°54′56″N 15°18′04″E / 67.91556°N 15.30111°E Skjettenfjorden er ein fjordarm av Sagfjorden i Steigen kommune i Nordland. Fjorden ligg på søraustsida av Engeløya og strekkjer seg 7,5 km sørvestover til Bogen.
Fjorden har innløp mellom Bjørnneset i nord og Dyping på fastlandet i sør. Bogen ligg inst i Leirvikbukta der Vindsnes utgjer den sørlege delen. På andre sida av Vindsnes går Holmåkfjorden vidare søraustover.
Riksveg 835 går langs søraustsida av fjorden.