Skogfond
Skogfond, fram til 2005 kalla skogavgift, er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvaltning av skogressursane.[1]
I Noreg skal kvar skogeigedom med produktiv areal over 1o dekar setje av mellom 4% og 40 % av verdien av omsetjinga ved sal av skogsvirke på ein skogfondskonto. Skogfondskontoen vert administrert av skogbruksstyresmaktene. Skogfondsmidla kan skogeigaren bruke til skogkultur, skogbruksplanlegging, skogproduksjon, skogsvegar og tiltak som tek sikte på å sikre viktige miljøverdiar i skogen.
Rentene av inneståande skogfond kan brukast til den offentlege administrasjonen av skogfondsordninga, og elles til ulike skogbruksformål, spesielt informasjon og rettleiing i spørsmål som gjeld skog og skogbruk.