Skredsøkar eller sendar/mottakar (transiver) er ein type aktiv radioar som opererer på 457 kHz og er spesialiserte for å søka etter personar gravlagt under snø – normalt nytta for å finna snøskredoffer.

Digital skredsøkar med LED-skjerm
Digital skredsøkar med LED-skjerm

Funksjonsmessig er dei stort sett like uavhengig av produsent. Når ein beveger seg i skredutsett området set ein apparatet i sendemodus, då vert det kontinuerleg send ein låg-straums puls som kan plukkast opp av eit tilsvarande apparat som er sett i søkemodus. Ved at båe einingar sender signal aukar det moglegheitene for at signala skal møtast samanlikna med passive sendarar (reflektor) som til dømes RECCO, som ein finn i ein del klesplagg.

Tidlegare opererte ein del skredsøkarar på 2,275 kHz, men i 1986 vart det innført ein internasjonal frekvensstandard på 457 kHz, som framleis er gjeldande. Det gjer at sendar/mottakarar frå ulike merke fungerer på tvers.

Det er verdt å merke seg at skredsøkarar ikkje verkar preventivt for å unngå skred eller for å unngå å verte gravlagd, men dei vert nytta for å redusere tida skredofferet ligg gravlagd. 

Type skredsøkarar endre

Det er i all hovudsak to typar skredsøkarar, digitale og analoge. Dei nyttar begge to den internasjonale standarden for skredsøkarar, og varierer berre i korleis dei identifiserer ein gravlagt skredsøkar. Dei fleste skredsøkarane som ein no finn i butikken er digitale, fordi dei er enklare å nytte og har høgare attfinningsgrad. Fleire digitale skredsøkarar på marknaden har òg støtte for analogt signal.