Skrue
Ein skrue er eit skaft med ein heliks (gjenge) på overflata. Dei to viktigaste bruksområda er som festemiddel og som ei enkel maskin for å omdanne ei roterande kraft til ei lineær kraft.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5f/Screw_from_computers.jpg/220px-Screw_from_computers.jpg)
Skruar vert klassifiserte mellom anna etter fastleiken til materialet, typen hovud og typen gjenge.