Skrumplever eller levercirrhose (av gresk kirrhos som betyr gul), er ein leversjukdom. Han består i at cellene til levra gradvis blir øydelagde, slik at organet ikkje lenger kan utføra dei livsviktige funksjonane sine. Gulsott er eit vanleg symptom. Innskrumpinga fører også til blokkering av portvenen, som fører blod til levra, og som kan føra til væske i bukhola (ascites eller bukvattersott). Skrumplever kan koma av ulike leverlidingar, men mange giftstoff blir tekne opp og brotne ned i levra, og dette forklarer kvifor levra kan skadast ved overbelasting eller forgifting. Den vanlegaste årsaka til skrumplever er misbruk av alkohol.

Skrumplever

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD008103

Kjelder endre