Skykoplingsprosessar

Skykoplingsprosessar er ei kopling mellom skyer og overflatetemperaturen der ei endring av temperaturen på overflata fører til ei endring i skyene, som igjen kan enten forsterke eller minske den opphavlege temperaturendringa.

Ein auke i temperaturen nær overflata kan til dømes auke fordampinga. Dette kan igjen føre til eit meir vidstrekt skydekke. Auka skydekke kan så minke solstrålinga som når bakken, og dermed gje lågare overflatetemperatur igjen. Det er eit døme på negativ tilbakekopling og inkluderer ikkje langbølgja stråling eller adveksjon i havet eller atmosfæren, som ein òg må ta omsyn til i det totale klimasystemet.