Sløverfjorden
68°24′59″N 14°51′31″E / 68.41639°N 14.85861°E Sløverfjorden er ein fjordarm av Hadselfjorden på nordsida av Austvågøy i Hadsel kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 10 km sørvestover til Higrav inst i Higravfjorden som er namnet på den inste delen.
Fjorden har innløp mellom Kalvøya i vest og Svartgalten i aust. Midt i innløpet ligg òg Arnøya. På vestsida av Arnøya ligg Arnøysundet og over dette sundet går Europaveg 10 og rett inn i ein tunnel under fjorden som ein del av Lofast. Europavegen følgjer heile vestsida av fjorden. Det er få busetnader langs fjorden. Higrav ligg inst i fjorden, og på vestsida av Higravfjorden ligg Budalen. På austsida ligg Sløvra. Litt sør for Sløvra går Austpollen vel ein kilometer søraustover.