Slaget ved Maxen
Slaget ved Maxen (21. november 1759) medførte at ein heil prøyssisk arme vart utsletta av ein langt større austerriksk styrke ved Maxen i Sachsen i dagens Tyskland. Slaget var ein del av sjuårskrigen.
Slaget ved Maxen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av sjuårskrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Austerrike | Preussen | ||||||
Kommandantar | |||||||
Leopold Josef Graf Daun | Friedrich August von Finck | ||||||
Styrkar | |||||||
42 000 | 14 000 | ||||||
Tap | |||||||
? | 14 000 |
Menorca – Lobositz – Reichenberg – Praha – Kolín – Hastenbeck – Gross-Jägersdorf – Moys – Rochefort – Rossbach – Breslau – Leuthen – Rheinberg – Krefeld – Domstadtl – Cherbourg – Zorndorf – Saint Cast – Tornow – Lutterberg – Hochkirch – Bergen – Kay – Minden – Kunersdorf – Hoyerswerda – Frisches Haff – Maxen – Meissen – Landeshut – Korbach – Emsdorf – Warburg – Liegnitz – Kloster Kampen – Torgau – Villinghausen – Kolberg – Wilhelmstahl – Burkersdorf – Lutterberg – Almeida – Kassel – Freiberg |
Den prøyssiske armeen på 14 000 mann var kommandert av Friedrich August von Finck, ein av dei beste generalane til Fredrik den store. Han var send bak den austerrikske armeen for å kutte kommunikasjonslinjene deira med Böhmen. Fredrik forventa at den austerrikske generalen Leopold von Daun, skulle trekkje seg tilbake då linjene hans var truga, men i staden tok han nytte av at Finck var isolert og omringa han med tre separate armear. 20. november gjekk austerrikarane til åtak og tvinga Finck bort frå den sterke posisjonen sin ved Maxen. Retretten hans var blokkert av keisararmeen og 21. november måtte Finck overgje seg og heile armeen sin, ein knusande siger til Austerrike, sjølv om Daun ikkje klarte å følgje opp suksessen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Battle of Maxen» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Rickard, J. ,5. november 2000, Slaget ved Maxen, 20. november 1759, http://www.historyofwar.org/articles/battles_maxen.html