Sleivhaldar eller skeihaldar er ein kjøkenreiskap som vert brukt til å plassere andre kjøkenreiskapar på når dei ikkje er i bruk. Ein hindrar då at matrestar som er på desse reiskapane kjem på avvegar.[1]

Sleivhaldar med bilde av ei sleiv.
Rosa sleivhaldar for 3 skeier
Skei i sleivkhaldar

Sleivhaldarar kan ha mange ulike utformingar. Dei kan vera av materiale som plast,[1] stål[2] eller tre.[3]

Oftast er dei til å leggje sleiva frå seg på under matlaginga. Dei kan og vere festa til kanten av kasserolla eller bollen ein bruker, slik at moglege matrestar dryp attende.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Splash Skje Holder». AlphaGeek. Arkivert frå originalen 24. januar 2018. Henta 23. januar 2018. 
  2. http://www.hegdehaugen.no/kjokkenutstyr-og-gaver/kjokkenredskap/kjokkenredskap/stor-skje-sleivholder-i-stal
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. januar 2018, henta 23. januar 2018 
  4. Trine Jensen (8. februar 2012). «Kjøkkenredskapene du ikke visste du trengte». Dagbladet. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sleivhaldar
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.