Snøfall
norsk fjernsynsserie
- Denne artikkelen handlar om adventskalenderen. For nedbør av snø, sjå snø.
Snøfall er ein norsk fjernsynsserie i 24 episodar produsert av NRK Super som var adventskalender på NRK i 2016. Forfattarane bak serien er Hanne, Hilde og Klaus Hagerup. Manusforfattar og regissør er Synne Teksum og produsent er Hege Waagbø.
Type | Adventskalender | ||
---|---|---|---|
Sjanger | julekalender | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Produksjonsland | Norge | ||
Introduksjonsår | 2016 | ||
Sesongar | 1 | ||
Episodar | 24 | ||
Lengd | 25 minutt | ||
Språk | Norsk | ||
Produsent | Hege Waagbø | ||
Manus | Hanne Hagerup, Hilde Hagerup, Klaus Hagerup, Synne Teksum | ||
Regi | Synne Teksum, Ida Sagmo Tvedte | ||
Klipp | Charlotte Kahn Cathrine Svae-Johansen | ||
Produksjonsleiar | Ida Bettvik | ||
Musikk | Henrik Skram | ||
Foto | Jon Harald Breken | ||
Medverkande | Siri Skjeggedal Kevin Haugan Charlotte Myrset Sven Aakre Kjersti Elvik Trond Høvik Johannes Joner Vidar Magnussen | ||
Periode | 1. desember 2016– 24. desember 2016 | ||
Kanal | NRK Super | ||
Biletformat | 16:9 | ||
Lydformat | Dolby 5.1 |
Snøfall handlar om den 9 år gamle jentungen Selma (spelt av Siri Skjeggdal),[1] som har budd hos nabodama Ruth (spelt av Kjersti Elvik)[1] sidan foreldra til Selma døydde i ei ulukke. Etter kvart finn Selma vegen til staden Snøfall, ein landsby i eit isaude der sjølve julenissen (spelt av Trond Høvik)[1] bur.
Eva Weel Skram framfører signaturlåten, som ho har skrive saman med Thomas Stenersen.[2]
Skodespelarar
endreRolle | Skodespelar |
---|---|
Selma | Siri Skjeggedal |
Pil | Kevin Haugan |
Frida | Charlotte Myrset |
Håkon | Even Aakre |
Ruth | Kjersti Elvik |
Julius | Trond Høvik |
Hjerterud | Iselin Shumba |
IQ | Johannes Joner |
Winter | Vidar Magnussen |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Snøfall - full rolleliste». NRK. 25. november 2016. Henta 19. desember 2016.
- ↑ «Presseinvitasjon: «Snøfall»». NRK. 21. november 2016. Henta 19. desember 2016.