Snapchat er ein biletdelingsapplikasjon utvikla av studentar frå Stanford University.[1][2] Ved hjelp av applikasjonen kan brukarane ta bilete, spele inn video, leggje til tekst og teikningar, og sende dei til ei kontrollert liste over mottakarar. Desse sendte bileta og videoene er kjende som «snaps». Brukarane set ei tidsgrense for kor lenge mottakarane kan sjå sine snaps, alt frå eitt til ti sekund, etter som dei vil verte skjult frå mottakarane si eining og verte sletta frå selskapet sine servarar.[3]

Snapchat+appen har raskt oppnådd stor popularitet og utbreiing. I følgje Ipsos MMI var det i 2018 i Noreg 2,5 millionar brukare med ein profil. I overkant av 70 prosent av desse nytta tenesta dagleg. Brukaralderen på denne appen ligg mellom 13 til 25 år. Snapchat vert heile tida utvikla. Frå 2014 byrja snapchat å senda reklame.[4]

Omgrep endre

Snapstreak tyder at du og venen din har snappa kvarandre (ikkje chattet) innan 24 timar i meir enn tre påfølgjande dagar.

Meldingar (chat)  i staden for å senda bilete av deg sjølv, kan du dra namnet mot høgre og då kan ein skriva ei personleg melding til vedkomande.

My Story er ei utvald samling av dine snappar som avspelast i den rekkjefølgjen du tok dei. My Story varer i 24 timar, so venene dine kan sjå kordan døgnet ditt utviklar seg. Nyare funksjonalitet i snapchat er chat med video og meldingar.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Snapchat Team» (på engelsk). Henta 13. juli 2013. 
  2. Mark Prigg (2. januar 2013). «The :» (på engelsk). Mail Online. Henta 13. juli 2013. 
  3. «What is Snapchat?» (på engelsk). Snapchat. Henta 13. juli 2013. 
  4. «Snapchat» i Store norske leksikon, snl.no.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.