Snarum stavkyrkje
Snarum stavkyrkje i Modum låg på prestegarden sin grunn (gnr. 159). Jens Nilssøn (1595) omtalar[1] soknet som anneks til Modum, altså Heggen. Stavkyrkja vart utvida til krosskyrkje med lafta tverrskip i 1663, og det går fram av ein synfaringsrapport frå 1689 at kyrkja hadde svalgangar. Stavkyrkja vart avløyst av ei tømmerkyrkje i 1702.
Gjenstandar frå stavkyrkja
endreEin portal frå stavkyrkja stod ved inngangen til våpenhuset i kyrkja frå 1702 før han vart sendt inn til Oldsaksamlinga. På Drammens museum er det bevart ein døypefont i renessansestil (nr. 3008 i museet sitt system). Frå stavkyrkja er det òg bevart ei katekismetavle frå 1598.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Snarum stavkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2023.
- Snarum kirke i «Norges kirker»
- Roar Hauglid (1973). Norske stavkirker – Dekor og utstyr. Dreyer. s. 187 og 196.
- Lorentz Dietrichson (1892). De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 451.
- Fotnotar
- ↑ Yngvar Nielsen, red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 350.
- ↑ Tavla var utstilt på Drammens museum i 2017, men ifølgje «Norges kirker» heng ho til vanleg på nordveggen i koret i dagens kyrkje.